Sommarjobb bustad og kvarter
Rena, Norge
Ansettelsestype Fulltid
Jobbposisjon Sommarjobb bustad og kvarter
Arbeidsmodell På stedet
Søknadsfrist April 8th, 2025
Er du den rette?

Forsvarsbygg Bustad og kvarter på Rena søker ein sommarvikar til ulike oppgåver knytt til bustad og kvarter.

Arbeidsoppgåver vil primært vere rydding og flytting av møbler og anna inventar, påfyll av forbruksmateriale, rapportering av feil/manglar og andre liknande oppgåver. Det må påreknast reising i forbindelse med oppdrag ved andre lokasjonar i regionen.

Tidsrommet vil vere i perioden frå skuleslutt (slutten av juni) og til skulestart (midten av august).

Som sommarvikar vil du få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2025 – 31.08.2025. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling innanfor den oppgitte perioden i annonsen. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.

 

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb 


Arbeidsoppgåver

  • Rapportering av feil/manglar på fellesarealar og kvarter
  • Flytting/bæring og rydding
  • Støtte ute på bygg ved henvendelsar på elektroniske låsar
  • Påfyll av forbruksmateriell og diverse påkommande arbeid

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som er:

  • God til å samarbeide
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Påliteleg
  • Ansvarleg

Kvalifikasjonar

  • Du må vere fylt 18 år
  • Du må kunne trygginsklarerast til nivå Konfidensielt før oppstart
  • Du må ha førarkort kl B

Vi tilbyr

Lønn som hjelpearbeidar (kode 1115), kr. 404 900,- i brutto årleg lønn

Kontaktinformasjon

Silia Naas Heim, Avdelingsleiar bustad og kvarter, 930 31 713

Arbeidsstad


2450 Rena

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Forsvarsbygg

Referansenr.: 4936856682
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 08.04.2025