Vang folkebibliotek søkjer etter ein person som vil vere sommarvikar i ville, vakre Vang i Valdres i ca. 60% stilling. Det er tenkt ca 5-6 veker med arbeid ila sommaren 2025, frå siste halvdel i juni til første halvdel august.
Biblioteket ligg på Vangstunet i Vang sentrum, og har ingen filialar, men Bok i butikk på Tyinkrysset og i Ryfoss. Biblioteket er ein viktig og aktiv kulturinstitusjon i kommunen, og er samlokalisert med Vang frivilligsentral.
Arbeidsoppgåver vil vere dagleg drift av biblioteket med det som høyrer til av skrankearbeid, bokrydding, handsaming av fjernlån, lage utstillingar og å møte publikum på ein god måte. Det vil vere mogleg for den som får stillinga å vere med å utforme sin eigen arbeidsdag.
To kveldar i veka er det arbeidstid til 19.15.
Stillinga krev gyldig politiattest
Vi søkjer etter ein medarbeidar som har:
Nærare opplysningar får du ved å kontakte biblioteksjef Marianne Riste