Vang kommune ynskjer sommarvikarar ved avdelingane langtid, korttid, heimebasert omsorg og tilrettelagte tenester.
Me søkjer etter sjukepleiarar, sjukepleiarstudentar, vernepleierar, vernepleiarstudentar,
helsefagarbeidarar og assistentar i inntil 100 % stilling.
I tillegg treng me avlastarar til born/unge, og yngre støttekontaktar innan miljøteneste.
Skriv gjerne kort om din motivasjon og interesse for å vere sommarvikar innan helse og omsorg, og også
kvar du helst ynskjer å arbeide i prioritert rekkefølgje!
Me vil vurdere søknadar fortløpande og tar kontakt med aktuelle kandidatar!
Arbeidsoppgåver
- Utøve helsehjelp i tråd med gjeldande krav og lovverk
- Praktisk bistand og rettleiing til brukarar
- Bidra til positivt samarbeid med pårørande
- Bidra til samarbeid på tvers av einingar i etaten
- Dokumentere i fagsystemet Profil
Kvalifikasjonar
- Autoriserte sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar
- Studentar innan helsefag og ufaglærte assistentar/støttekontaktar/avlastarar kan også søkje
- Interesse og engasjement for fagfeltet
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Førarkort kl. B (gjeld for korttidsavdeling,heimebasert omsorg og miljøteneste)
- Gjerne erfaring frå kommunal pleie- og omsorgsteneste
- Kunnskap om bruk av IKT som verktøy, gjerne erfaring frå Profil
Personlege eigenskapar
- Ha evne til å gje omsorg og tryggleik
- Vera fleksibel og ha tilpassingsevne
- Vera motivert, engasjert og strukturert
- Ha gode evner til samarbeid
- Sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar, til å ta initiativ og til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
- Evne til å sjå, tenkje og arbeide heilskapleg
Vi tilbyr
- Eit godt og spanande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver
- Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer
- Opplæring og rettleiing
- Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar.
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell-loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding.
Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
Meir informasjon om stillingen kan du få ved å vende deg til aktuell avdeling.
Kontaktinformasjon
Stine Solemsli, Leiar VHT, 90896012, stine.solemsli@vang.kommune.no
Elisabeth Hålien, Leiar Tilrettelagte tenester, 99090013, elisabeth.halien@vang.kommune.no
Arbeidssted
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vang Kommune
Referansenr.: 4904324997
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 30.04.2025