Vil du ha sommarjobb med bonusordning? Lom treng fleire vikarar innan helse, sommaren 2025.
Lom, Norge
Type of Employment Fulltid
Job position Sommarvikar innan helse og meistring
Work model På stedet
Application due date ASAP
Are you the one?

Kunne du tenke deg ein viktig og spennande jobb for sommaren 2025? Ein jobb saman med dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø, og som har bonusordning og gode arbeidsvilkår?

Hva vi ser etter

Er du sjukepleiar eller vernepleiar? Eller helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar? Eller kanskje du er student innan helsefag eller innan pedagogisk utdanning? Er du elev på vidaregåande eller ufaglært?

Då er du hjarteleg velkomen til å søkje som ferievikar hjå oss i Lom kommune.

Det er eit krav at søkjar har førarkort klasse B for arbeid i heimesjukepleia, heimehjelpa, dagsenter og tilrettelagte tenester.

Personleg eignaheit er vektlagt

Søknadsfrist: Fortløpande

I søknaden må du skrive kva for arbeidsplass du ynskjer å vere ferievikar og kva for veker du ynskjer å jobbe.

Arbeidsoppgaver

Tenesteområdet helse og meistring treng ferievikarar sommaren 2025 i ulike avdelingar:

  • Institusjon

  • Heimesjukepleie

  • Tilrettelagte tenester

  • Kjøken

  • Heimehjelp

  • Dagsenter

Arbeidsperioda gjeld hovudsakleg frå veke 26 til og med veke 33 i 2025.

Vi tilbyr

  • Ordna arbeidstid med gode arbeidsvilkår

  • Opplæring og moglegheit for allsidig erfaring

  • Fagleg spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver

  • Høgt fagleg nivå på tenestene

  • Dyktige og engasjerte kollegaer

  • Du får moglegheit til å arbeide på ein arbeidsplass i stadig utvikling

  • Lom kommune har ei bonusordning for gjennomført sommervikariat.